Konsesjon til Kalvvatnan vindkraftverk


NVE gir Fred Olsen Renewables AS løyve til å bygge og drive Kalvvatnan vindkraftverk med tilhørende infrastruktur i Bindal kommune i Nordland. Anlegget vil årlig gi en kraftproduksjon på om lag 600 GWh, noe som tilsvarer forbruket til rundt 30 000 husstander.


NVE skriver i dag 1. april på sine nettsider følgende:

Vindkraftverket skal knyttes til eksisterande 300 kV kraftleidning som og ligg i Namsskogan kommune. NVE gjev løyve til eit vindkraftverk med ein installert effekt på inntil 225 MW.

Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved anlegget større enn ulempene. NVE har lagt vekt på at planområdet for Kalvvatnan vindkraftverk har gode vindressursar og at vindkraftverket er lokalisert i områder der det allereie finnast tekniske inngrep som vannkraftanlegg, veier og kraftleidningar.

Kalvvatnan vindkraftverk vil bidra til at Noreg kan oppfylle politiske målsettingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg og vil gje positive økonomiske verknader for Bindal kommune og regionen, både i anleggs- og driftsfasen.

Det er tre ulike alternativ for vegar til vindkraftverket. NVE meiner at turbintransport frå aust og veg med lav standard frå vest er den beste samfunnsøkonomiske løysningen, blant anna fordi dette alternativet kan utløyse betydelege nytteverkingar utover de økonomiske verkingane av vindkraftverket aleine.

Dei viktigaste negative verknadene av Kalvvatnan vindkraftverk er etter NVEs vurdering knytt til reindrift. Sametinget og Områdestyrene i Nordland og Nord-Trøndelag har fremma motsegn til prosjektet, grunna negative verknader for den sørsamiske reindrift og at ei realisering av tiltaket vil være i strid med regjeringas målsetjing om ei økologisk, økonomisk og bærekraftig reindrift. Dei aktuelle reinbeitedistriktene meiner ein etablering av Kalvvatnan vindkraftverk vil gi store verknader for reindrifta i området. Sjølv om det leggast vekt på verknadene for reindrift, er omfanget av ulemper etter NVEs vurdering ikkje så stort at konsesjon ikkje kan gis.

Fylkesmannen i Nordland og Riksantikvaren har også fremme motsegn til prosjektet.

NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, mellom anna krav til dokumentasjon av nettkapasitet, utarbeiding av miljø-, transport og anleggsplan og undersøkingar av reinens arealbruk før-, under- og etter utbygging. NVE leggjar til grunn at anlegget byggjas og drivas i samhøve med krav i Forskrift om beredskap i kraftforsyninga.

På NVEs nettstad kan du sjå nærmare på bakgrunnen for vedtaket, konsesjonen, oreigningsløyve, og kart som viser vindkraftverket og kraftleidningen.

Les meir om løyve til Kalvvatnan vindkraftverk.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf: 41 67 82 03
Seksjonssjef Arne Olsen, tlf: 91 54 83 87




Sist oppdatert den 09.sep.2015


Tips en venn Skriv ut Abonner