Konsesjon til utbygging av Marfossen i Åbygda


NVE har i dag gitt Fred. Olsen Renewables AS løyve til å bygge Marfosselva kraftverk. Kraftverket vil med de fastsatte vilkårene produsere om lag 10,3 GWh per år.


Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriver følgende på sine nettsider i dag:

 

NVE gjev Fred. Olsen Renewables AS løyve til å byggje Marfosselva kraftverk i Bindal kommune i Nordland. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra produsere om lag 10,3 GWh per år. Dette svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Marfosselva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Utbygginga vil nytte fallet mellom 165 moh. og 8 moh. i Marfosselva. Vassvegen skal gå i tunnel i midtre del av traseen, elles i nedgraven røyrgate. Det er i liten grad trong for å byggje ny veg. Inntaket ligg i reinbeiteland, men vil ikkje sperre flyttveg for rein. Røyrgate og kraftstasjon skal ikkje røre ved naturmangfaldet knytt til fosserøyk i nedre del av elva.

Marfossen er eit tydeleg landskapselement i Åbygda. For å ta vare på verdiar knytt til landskap, fosserøyk og akvatisk miljø er det sett krav om ei minstevassføring i Marfosselva på 350 l/s i sommarsesongen og 120 l/s resten av året. NVE har òg lagt vekt på at slukeevna i prosjektet er låg.

Det kommunale vassverket har vassinntak nedstraums planlagt inntak til Marfosselva kraftverk. Det er ein føresetnad at tiltaket ikkje skal gå ut over vasstilførselen eller –kvaliteten.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Marfosselva kraftverk.

Les meir om saka. 




Sist oppdatert den 20.jul.2015


Tips en venn Skriv ut Abonner